No lika eg strengt tatt det meste som har med jul å gjøre, men skal eg trekke fram ein ting som betyr ekstra mykje for meg må det vere å lage og sende ut julekort. Eg har alltid massevis av idear, og etter å ha oppdaga pinterest fant eg årets inspirasjon der. Eg forelska meg heilt fullstendig i
desse putekrigbileta frå
Aimee Jordan photography, og bestemte meg for å gjenskape den same settingen.
Pysjamasar vart bestilt frå
Hanna Andersson i USA. Same dag som dei kom vart dunputer kjøpt inn og soverommet mitt klargjort for fotografering. Når gutane kom heim frå barnehagen fikk dei pysjamasane på, og eg laga små hull i sidene på putene så dun og fjær lett kunne finne vegen ut. Begge to elska å hoppe i senga, så når dei vart plassert der var det berre fryd og gammen. Så kom den første utfordringa. Elliot hadde absolutt ingen interesse av å denge løs på Lucas med ei pute, og skulle vi gjøre det omvendt hadde nok resultatet blitt katastrofalt. Lucas på si side ville gjerne både hoppe, danse og kaste rundt på fjæra som allerede hadde funne vegen ut frå putene, og der kom utfordring nummer to. Elliot fann plutseleg ut at han ikkje likte desse fjærene. Dei var spennande å studere med ein gong, men når det kom meir og dei kitla han under tærne vart han skeptisk. At Lucas skråla og lo rundt han gjorde ikkje saken bedre, og det tok nok ikkje meir enn 30 sekund før det kom eit "
Eiått oppa mamma" og han måtte få komme ned frå senga. Det endte med ein serie med bileter av ein strålande fornøyd Lucas, men det hjelper lite når Elliot ikkje ville vere med på morroa.
I alle fall, poenget mitt med dette innlegget er nok å fortelle meg sjølv at det ikkje er nødvendig med så store planar. Årets julekort vart ei nødløsning; To sjuke barn, ei rask fotografering i snøen og gjenskaping av eit fint design eg kom over på pinterest. Og sjølv om det absolutt ikkje var sånn eg såg for meg at årets julekort skulle bli, så er eg fornøyd. Det viktigste er å få ønska familie og vener ei god jul og eit godt nyttår, det er ikkje nødvendig å lage mykje ekstraarbeid utan grunn. Kjem eg til å hugse på det neste år? Antageligvis ikkje. Men da har eg heldigvis Karianne som kan minne meg på dette innlegget.
I alle fall; Med årets julekort vil vi ynskje alle dere som kikka innom bloggen ei
fantastisk jul og eit
vidunderlig nytt år.
-
marita-